Velkomen til Flatdal!
Written by Administrator   
Tuesday, 06 February 2007
 
Image
Utsyn frå bakeriberget.

Flatdal er ei bygd i Seljord kommune, midt i hjarta av Telemark. Bygda er på om lag 100 km² og har rundt 400 innbyggjarar.

I Flatdal finn du barneskule, barnehage, daglegvare, terminaldriven bensinstasjon og fleire småbedrifter. Her er mykje landbruk og husdyrhald, og levande kunst- og kulturmiljø.

Vegen E-134 frå Oslo til Haugesund skjer gjennom dalen på langs og er med på å halde liv i ei vakker bygd.
 
Image
Delso-bilen ved bensinstasjonen.

Flatdal er ein U-dal forma av isbrear, med ei stor flate dyrka mark, krinsa av Skorve i vest, Mælefjell i aust og Bindingsnuten i nord. Sud i dalen ligg vatnet Flatsjø.

Dalbotnen er ei stor samanhengande flate med fruktbar jord, og blir naturleg nok nytta til jordbruk. Her blir produsert både korn og gras til husdyrfôr. Bygda husar elles Noregs einaste landsby, eit rikt kunstnarliv, gardsturisme og eit levande musikkmiljø.

Last Updated ( Wednesday, 05 March 2008 )