';
Svartdalsheiane PDF Print E-mail
Written by Administrator   
Monday, 02 April 2007

Image
Skrøyva med Skorve i bakgrunnen.

 Svartdalsheiane er eit område som strekker seg nordover frå Svartdal og austover mot Hjartdalgrensa. Lengst mot nord kjem ein mot grensa til Tinn kommune. Vestover går Svartdalsheiane umerkeleg over til Åmotsdalsområda.

I eldre tider vart området nytta til staulsdrift. Det er mange staular og restar av slike i området, men det er slutt på tradisjonell staulsdrift no. Trygve Nes har skrive bok om staulsdrifta her i gamle dagar.

Image
Om vinteren er der skiløyper innover heiane. (Foto: Harald Barstad)

No for tida  er desse heiane blitt eit viktig rekreasjonsområde. Mange har sett opp hytter her, og snoskuterar hjelper til med frakt vinterstid. På godversdagar på ettervinteren er det mange skigåarar i Svartdalsheiane. Det er oppkøyrde løyper, og ein kan velje mellom lengre eller stuttare turar.

Også om sommaren er terrenget mykje bruka til turar og om hausten til jakt og molteplukking!

Minnesjorddalen og Åsdalen er dalar som fører opp til heiane. Svafjell, Brattefjell og Robekknuten er dei høgaste toppane med 14-1500 meters høgde. Skrøyva, Jønntjønn, Grotvassdalen og  Svain er mellom namna som turgåarar kjenner.

Last Updated ( Monday, 02 April 2007 )