';
Skarsvegen PDF Print E-mail
Written by Administrator   
Monday, 02 April 2007

Image
Primkleiv er ein av stadene langs Skarsvegen.

Skarsvegen er den gamle bygdevegen frå Bakkemoen i Svartdal til Fossheim i Åmotsdal. Denne strekninga er omlag 7-8 km lang.

Her har nok fare folk i uminnelege tider. Vegen fylgjer ei naturleg løype etter terreng og landskap. Funn av steinalderpil på Nord-Skare syner at det har ferdast folk her så langt attende. Rundt år 1000 kom det nok staular her i området, og samkvemet mellom bygdene blei større. Frå fyrst i 1700-åri kom vestlendingane over fjellet til marken på Møsstrånd og Rauland. Frå rundt 1825 blei marknaden flutt til Åmyri i Rauland. Truleg kom det folk hit frå aust -Telemark og Kongsberg. Skarsvegen vardå eit naturleg valg for ein del av denne ferdsli.

Det har budd folk på mange plassar langs Skarsvegen. Rundt 1800 og frametter var det organisert vedlikehald av vegen, med pliktene fordela på kvar gard.

Image
Skaret og Skarsnuten.

Skarsvegen var offentleg veg fram til slutten av 1860-åri. Då blei vegen gjennom Dyrlandsdalen ferdig og Skarsvegen blei nedlagd som offentleg veg. Det er mura steingjerde mot veg og innmark, det er rydningsrøysar, åkerreinar, gamle hustufter og nokre gamle hus.

Ein del kjende folk har nytta Skarsvegen; Zacharias Schanke, Hans Wille og Hans Jacob Wille, Hans Landstad, Magnus Brostrup Landstad og Hans Nilsen Hauge.

Skarsvegen blir mykje nytta til turveg. Harald Aakre har skrive bok om vegen, historia rundt han og om gardar og plassar som ligg langs vegen.

Last Updated ( Monday, 02 April 2007 )