';
Turstigar PDF Print E-mail
Written by Administrator   
Monday, 02 April 2007

Image
Mykje fin natur å sjå!

Det er arbeid i gang for å rydde og legge til rette for fine turar i og omkring Flatdal. Ein spesiell tur er Skarsvegen, som går frå Ingersmoen i Svartdal, forbi Skaret og over til Fossheim i Åmotsdal.

I liene opp mot Mælefjell er det mange stigar å gå. Somme løyper er rydda, og andre er i ferd med å bli. Skararud, Krossvegen, Solhaug og Åsland er stikkord her.  

Nyleg er det rydda ein rundtur rundt Hagabrekkåsen. Her kan ein lett starte frå skulen i Flatdal, fylgje ljosløypa vestetter, og fylgje merking opp til Hagabrekka. Derifrå gjeng det skogsbilveg til Åren, der ein fylgjer vegen rundt hundre meter før ein tek til høgre ned ein skogsstig som gjeng nedatt til ljosløypa. Turen er 4-5 km lang, og ganske variert. Der det trengst, er vegvalga markert med raude band.

 
Last Updated ( Monday, 02 April 2007 )