';
Spådomsnuten PDF Print E-mail
Written by Administrator   
Monday, 02 April 2007

Image
Spådomsnuten sett frå vegen.

Spådomsnuten er ein stor steinblokk som stend på skrå høgt oppi fjellsida til Skorve, over sudenden av Flatsjå.

Det seiest at Spådomsnutet skal rase ut og setje heile Flatdal under vatn. Vatnen skal nå så høgt at folk skal kunne binde båtane sine i dynneklinka på Aase, ein gard høgt oppi lia i nordenden av dalen.  

Sibylla har spådd om Spådomsnuten, heitest det. "Sibylla" er ikkje noko namn, men eit namn på spåkvinner, som gjerne held til i fjellholer eller liknande. Uttrykket er velkjend frå antikken. Ei rekke spådomar som tydeleg syner lokalkunnskap i Telemark kan mogeleg stamme frå "Grenlandssibylla". Kan ho ha halde til i St. Mikaels-hola ved Norsjø?

 
Last Updated ( Monday, 02 April 2007 )