|
Written by Administrator
|
|
Monday, 02 April 2007 |
 Skorve dannar veggen mot vest. Sett frå Kongehella (Brendehaug). Fire fjell omkransar Flatdal. Lifjell i sudaust, Skorve i sudvest, Bindingsnuten i nordvest og Mælefjell i nordaust.Målefjell er det høgaste av desse fire, 1.415 m.o.h. Men Skorve med sine 1.370 meter ruver meir i fantasien! Skorve har brattare lier ned mot Flatdal, og ein ser meir av fjelltoppane. Både i målarkunst og i dikting og musikk er Skorve mest bruka. Her finst òg eit område med jaspisliknande stein, som på folkemunne heiter Jaspisnuten. Det er allikevel ikkje Jaspis her, men ein vakker raud kvartsitt med blå årer. |  Bindingsnuten tårnar i enden av dalen. I enden av dalen ligg Bindingsnuten på 753 m.o.h., og blir beskjedent lite blant dei andre fjella, men gjev med sin karakteristiske profil eit kjennemerke for dalen.Lifjell er fjernare enn dei tre andre fjella, men dannar likevel den fjerde veggen i det rommet dalen er. Høgste punkt på Lifjell ligg 1.291 m.o.h. Fjellområda gjev grunnlag for jakt, sauebeite og friluftsliv. |
|
|
Last Updated ( Monday, 02 April 2007 )
|