';
Flatdal Skulekorps PDF Print E-mail
Written by Administrator   
Thursday, 29 March 2007

Image
Eit dugeleg svært korps på besøk i Italia i 1998.

Flatdal Skulekorps starta i 1975. Det har sidan då gjeve mange unge i bygda høve til å lære og utfalde seg innan musikk. Det er i distrikta ikkje heilt vanleg med musikkorps utanom kommunesentra, men i Flatdal har vi eit livskraftig korps som ikkje bare spelar ordinær korpsmusikk. I løpet av dei siste åra har korpset hatt tema som "James Brown", "The Blues Brothers" og no sist barnesangar i samba/salsa-setting.

Dirigent er Oddbjørn Aase.

Image
"Rio de Fladeiro": Ei frisk blanding av korpsmusikarar og "sivile".

Kvart tredje år reiser dessutan korpset på utanlandstur. Dei to siste gjekk til Italia, og før det vitja musikarane Tyskland. Sommaren 2004 er det duka for ny utanlandstur, men det er enno ikkje bestemt kor den går.

Korpset i Flatdal har òg ført til andre knoppskytingar i kulturlivet. "Blaakonglane" og "Rio de Fladeiro" er blant dei som har nytt godt av opplæring og arrangement i regi av korpset.

Last Updated ( Thursday, 29 March 2007 )