';
| Kulturlandskapet i Svartdal |
|
|
|
| Written by Administrator | |
| Sunday, 25 March 2007 | |
![]() Idyll ved Skarstjønni. (Foto: Gunhild Geirsta) Svartdal har eit spesielt verdifullt kulturlandskap, fordi det har vore tradisjonell drift der i lang tid. I ein trong dal med små bruk og mange bratte jorde kan ein ikkje nytte store landbruksmaskiner, og gjødsel har også blitt nytta i mindre mengder enn det som er vanleg. Dette har ført til urterike slåtteenger med eit mangfald av artar både av planter, insekt og spesielt sommarfuglar. I området ser ein òg kulturminne som gamle bygningar, steingjerde og steinrøyser, bakkemurar, lauvingstre, verdifull kulturmark og gamle ferdselsårer.
![]() Midtbøen i Svartdal rundt 1900. (Foto: Ukjent) I 1999 blei det sett i gang eit kulturlandskapsprosjekt med sikte på å motivere og aktivisere for å ta vare på dette landskapet. Prosjektet blei vidareført til 2002. Området er nå nominert til UNESCO sin kulturlandskapspris for 2003, også kjent som Melina Mercouris pris. |
|
| Last Updated ( Sunday, 25 March 2007 ) |