';
Kyrkjene PDF Print E-mail
Written by Administrator   
Sunday, 25 March 2007
Flatdal kyrkje
Flatdal kyrkje.

Flatdal kyrkje er bygd i 1654 og er restaurert i 1877 og i 1908. I kyrkja finst to utskorne stokkar frå stavkyrkja som stod på same staden tidlegare, og eit krusifiks frå 1200-talet. Prekestol-baldakinen og døypefonten er også frå mellomalderen. Altertavla er frå 1761. I 1997/98 blei kyrkja måla på nytt innvendig etter Erlend Grøstads fargesetjing. Kyrkja har 150 plassar.

To testamentariske gåver gjorde det mogeleg å skaffe kyrkja eit nytt 13-stemmers orgel i 2002. Det er bygd av orgelbyggjar Venheim i Skien, og er eit svært allsidig og fint orgel både til gudstenester og konsertbruk. 

Mandal kapell
Mandal kapell

Mandal kapell blei reist i 1954 etter at ein Norsk-Amerikaner, Ole Bringen, gav pengar til dette føremålet. Men det er òg ein kjempestor innsats bak kapellet, både i form av gåver og dugnadsarbeid. Kapellet er utsmykka av kjende kunstnarar som Kai Fjell, Harald Kihle, Henrik Sørensen, Willy Midelfart og Terje Grøstad. "Dette kapellet skal bli et smykkeskrin," uttalte Henrik Sørensen. Kapellet rommar 100 personar.

Nutheim kapell
Nutheim kapell

Nutheim kapell blei bygd i 1965 i tilknytning til Hjartdal gamle prestegard som Erlend Grøstad fekk flytt til Flatdal og deretter restaurert.

Prestegarden rommar historien om bondeopprøret i 1540, som Erlend har synleggjort gjennom fleire måleri og tekster.

Melsom kapell
Melsom kapell

Melsom kapell i Svartdal ligg i tilknytning til eit tradisjonelt utforma tun på eigedomen til familien Melsom. Kapellet er bygd som ei stavkyrkje, av material frå eit båtnaust. Inne er kapellet vakkert utsmykka, med takmåleri av Torstein Rønjom og fleire kunstgjenstandar frå mellom anna Italia. Kapellet blei sett opp i 1959 og rommar 44 personar.

 

Last Updated ( Sunday, 25 March 2007 )