';
Prestegarden PDF Print E-mail
Written by Administrator   
Sunday, 25 March 2007

Prestegarden
Prestegardsbygget frå utsida.

Hjartdal gamle prestegard stend ikkje lengre i Hjartdal, men i Flatdal. Erlend Grøstad fekk i 1963 lov til å overta halvparten av gamle Holm prestegard. Han flytte bygninga til Nutheim og restaurerte han. Delar av dette huset er frå 1500-talet, og har mykje historie i seg, noko som har blitt gjort levande ved den fine restaureringa og den kunstnarlege utsmykkinga.

I denne prestegarden skjedde rettargangen og avrettingane som sette punktum for bondeopprøret i 1540 i samband med gruvedrifta på Gullnes. I kjellaren er det laga vakkert dekorert kapell som er i jamnleg bruk både til gudstenester, vigsler og anna.

 

Nutheim kapell
Kapellet i kjellaren på prestegarden.

Last Updated ( Sunday, 25 March 2007 )