';
Segner frå Flatdal PDF Print E-mail
Written by Administrator   
Sunday, 25 March 2007

Sagnet om Dalasjå | Sagnet om gygrene

Sagnet om Dalasjå

I rektig gamal tid var heile dalbotnen som no er Flatdal ein innsjø som blei kalla for Dalasjå. På den tid var det i Hjartdal ein storbonde som heitte Tor Uvås. Han hadde ei dotter som heitte Sigrid, og var så framifrå ven og vakker. Då ho var komen i giftealder mangla det ikkje friarar! Mange ville ha Sigrid Uvås, rik og fin som ho var. Mellom friarane var det ein jarleson, som Tor sjølv tykte var mest høveleg.

Storbonden vart etterkvart lei alle friarane, og sa til Sigrid at ho fekk sjå tiol å bestemme seg! Han laga til ein fest heime på Uvås, der han baud inn mange av friarane til Sigrid. Stogo var full av folk då Tor baud at dotteri skulle velje seg ein mann.

Øvst ved bordet, i høgsetet, hadde han sett jarlesonen for å vise kven som var den gjevaste av friarane. Til Sigrid sa han: "No må du velje ut den du vil gifte deg med!" Det Tor ikkje visste, var at Sigrid hadde truffe ein gut om sommarane medan ho gjette bakom Mælefjøll. Denne guten var ho blitt glad i.

Sigrid såg seg om i salen, og uti gangen fekk ho auga på denne guten, Åsmund Gudlaugson. Ho spring ut og hentar han, og leier han så fram for far sin. Tor vert fykande sinna, triv til kniven og vil drepa Åsmund. "Nei, aldri skal du få Sigrid før det gror gras på Dalasjå!"

Då Sigrid høyrde dette, uvita ho. Det vart stor oppstand i stoga, og mange for ut. Tor måtte ta seg av dotter si, og såleis greidde Åsmund å koma seg vekk. Han var sorgfull og turen på veg heimatt til Flatdal, fordi han visste at Tor Uvås aldri ville la han få Sigrid.

Han rodde over Dalasjå, og brått høyrde han at nokon ropa på han.
"Åsmund, Åsmund! Kom inn!" Åsmund fylgde stemma og gjekk inn i hola. Der sat dei ei gygr som vov på ein stor, grøn vev.
"Ver ikkje lei deg, Åsmund! Eg skal hjelpe deg, eg, så du kan få Sigrid Uvås! Men då må du lova meg at eg skal få det fyrste barnet dikkons!" Åsmund lova dette, for så glad var han i Sigrid.

Gygri var ingen annan enn Tårån i troppin, og ho sa: "No skal eg veva ein duk som eg skal breie ut over vatnet på Dalasjå, som det skal gro gras på!" Ikkje lenge etter dette møtet var dette gjort. Men duken var litt for kort, og dekte ikkje heile Dalasjå. Resten av vatnet vart seinare kalla Flatsjå.

Sidan Tor Uvås no såg at det var gras på Dalasjå, måtte han halde lovnaden sin. Han heldt gjestebod for Sigrid og Åsmund, og dei flutte til Flatdal.

Etter ei tid fekk dei så eit barn. Åsmund hadde gjenge og ottast for lovnaden han hadde gjeve gygra. Men på denne tida var det komen ein kristen munk til Flatdal, og folket der vart kristna. Sigrid fekk barnet døypt. Då Tårån i tråppin fekk høyre dette, vart ho så sinna at ho for rakt inn i fjellet. Seinare hev ingen sett ho.

Tilbake til toppen

Gygrene

Tre gygrer levde i fjella rundt Flatdal. Det var Tårån i tråppin som levde på Skorve med mannen Steingrim, og troppene kan du sjå den dag i dag. På Mælefjell budde Glima i Rupedalar, og Bindingsnuten var heimen til Ljose-Signe.

Tårån og Glima bles i lurar, og musikk var nok ein del av deira vesen. Enno spelast slåtten "Tårån i tråppin", og folkemusikka "Glima" spelar trolske melodiar på sine strengeinstrument.

Men brått kom det ulykke over desse ein gong så mektige kvinnevesena. Ein dag vakna Tårån og kjende seg iskald. Ho leita etter Steingrim, men han var borte, og all hennar folk. Ho bles i luren sin for å varsle Glima, men på Mælefjellsida var også alt i ei syrgjeleg forfatning. Tårån hadde visst sove i 800 år, og det var Olav Digre (Olav den Heilage) som hadde kasta ei forbanning over dei.

Gygrene ville freiste å ta opp kampen mot kristendomen, og bad Ljose-Signe vera med, men ho ville ikkje. Ho ville istaden spela dei nye tonane på harpa si i samklang med kyrkjeklokkene, og ynskte den nye trua velkomen. Tårån og Glima som heldt på det gamle, sovna inn og forsvant.

Tilbake til toppen

Last Updated ( Sunday, 25 March 2007 )