';
| Blika gruver |
|
|
|
| Written by Administrator | |
| Sunday, 25 March 2007 | |
![]() Smelteverkshuset står enno, men er i dårleg forfatning. Eit fransk gruveselskap kjøpte to Blika-gardar og prøvde å drive gruva. Dei selde seinare til advokat Cappelen. Grosserar Werner i Bergen kjøpte rundt 1920 gruvene for 100.000 kroner. Tre gonger er gruvene nedlagde og drifta teke opp att. Største arbeidsstyrka var på 80 mann. I 1879 kom det veg opp til gruvene. To bygdekarar, Steinar Blengsdalen frå Svartdal og Tarjei Hagen frå Hjartdal, tok i 1932 opp drifta. I åra 1937-38 var 18 mann i arbeid der. Det var mest som eit gulleventyr i dei harde 30-åra. Unge menn fekk fast arbeid og god inntekt. Det var eit ørlite Klondike. Men med okkupasjonen i 1940 blei det stopp. I 1957 brann hovudbygningen opp, og alt av dagbøker og journalar gjekk tapt. Det har lenge ryktast om eit utanlandsk selskap som har tenkt å bore ut det som er av gull med moderne utstyr, men så langt har det ikkje blitt noko av. |
|
| Last Updated ( Sunday, 25 March 2007 ) |