';
| Flyvraka på Skorve |
|
|
|
| Written by Administrator | |
| Sunday, 25 March 2007 | |
![]() Monumentet over det amerikanske flyvraket. På fjellet Skorve styrta to fly under andre verdskrig, og restar ligg enno på fjellet. Begge havarerte i 1944. På sud-Skorve, nær fjelltoppen Gøysen, ligg det mest omtala av dei to. Det var eit amerikansk fly som skullle sleppe forsyningar til heimestyrkene. Den 9. september flaug det rett inn i fjellveggen, og dei 11 ombord omkom. Det blei sett opp ei minnetavle der oppe, og det blei foreteke ei militær gravleggjing av dei omkomne i nærleiken av ulykkesstaden. Sommaren 1946 kom det ein amerikansk for å flytte levningane. Dei vart gravne opp att, transportert ned til Seljord med hest og havna til slutt på ein amerikansk kyrkjegard i Belgia. Utanfor Granvin kulturhus er det sett opp eit monument laga av Ellen Grøstad Barstad til minne om ulykka.
![]() Bilete frå det tyske flyvraket. (Foto: Birger Smedstad) Så mykje stas er det ikkje gjort på dei som omkom då det 16. oktober same år styrta eit fly på nord-Skorve ved Hestnutane. "Hermann Stache" var eit ordinært rutefly på veg frå Berlin til Oslo, men kom ut av kurs i tåka og kom for langt ned. Det var 15 om bord i alt, bland desse to nordmenn, sjukesyster Milli Holte og ein frontkjempar, Kjell Martinsen. Martinsen hadde fenge amputert eit bein, og var derfor på veg heim. Mange av mennene i Flatdal blei utkommandert til å bera dei omkomne ned. Det var ein stri jobb med is i dei bratte liene. Dei som hadde bore lika til bygds, fekk som takk ei flaske konjakk eller likør kvar. For meir informasjon om flyulykkene på Skorve, |
|
| Last Updated ( Sunday, 25 March 2007 ) |