';
U-dalen PDF Print E-mail
Written by Administrator   
Sunday, 25 March 2007

Image
Dei flate jorda stend i skarp kontrast til dei bratte fjellsidene.
Flatdal er ein dal som er heilt tydeleg forma av isbreen. For 10.000 år sidan låg isen over det meste av Norge. Då breen byrja å smelte skjedde det "brått". Geologane reknar med at Telemark var isfritt for 9.000 år sidan.

Samtidig med at breen drog seg attende, to breelva med seg smeltevatnet frå breen. Denne elva gjekk fyrst oppå breen, og braut seg seinare gjennom isen ved Rjukanfossen sud for Dale.

I brevatnet var det store mengder stein, grus og sand. Dette vart liggjande att i dalbotnen der breen tidlegare hadde vore. Dei største steinane sokk til botnen fyrst, og finmassa til slutt. Slik kan ein sjå teikn etter breelva den dag i dag; dei største steinane breelva tok med seg ligg øvst i dalen. Utetter blir steinane i jorda gradvis mindre, og legst ute i dalen er jorda steinfri. 

Vest for Nutheim mot Dale, kan me sjå fleire gjel der breelva rann. Det tydelegaste sporet er Rjukanfossen, der elva braut seg gjennom isen og traff bakken. Elvevatnet inneheldt mykje lausmateriale som grov i fjellet, slik at det vart danna ei stor grop; ei jettegryte. Denne kan me framleis sjå som eit stort hol i terrenget, saman med mange små jettegryter.

Flatdal er ein djup dal, der høgdeforskjellen mellom Gøysen på Skorve og Flatsjå er på omlag 1200 meter. Fjellsidene er bratte, og det er vanskeleg for tre og buskar og feste seg. Dette kan ein sjå på dei store rasriftene. Den store breen var tjukkast i dalane, slik at breen grov mest i dalbotnen og dalen vart stadig djupare. Islaget var under siste istid om lag 3.000 meter tjukt.

 

Image
Rjukanfossen er ei idyllisk naturperle...
Image
...men kan vere rett dramatisk når flaumen kjem!

Last Updated ( Sunday, 25 March 2007 )