';
Mandal og Langlim PDF Print E-mail
Written by Administrator   
Thursday, 01 March 2007

Bilete frå Langlim.
Bilete frå Langlim.

Langlim ligg på ca 700 meters høgd over havet, ved nordenden av Sundsbarmvatnet. Det har nok vore busetnad her frå omlag år 1000. Namn som Jønnardalen og Hyttedalen vitnar om jarnutvinning, smeltehytter og kolmiler her.

Bygda fekk ikkje bilveg før i 1958. I 1960 blei skulen lagt ned. Skuleborna blir skyssa til Flatdal, men Langlim høyrer til Åmotsdal kyrkjesokn.  

Mandal er ei langstrekt bygd langs Mandøla, frå ho renn ut av Sundsbarmvatnet til ho møter Åmotsdalsåi ved Moland, ei lengde på ca 4-5 km. Mandal kjem av eit gamalnorsk namn der fyrstelekken i ordet har vore namnet på ei å. Dette namnet finst ikkje lenger i kjende kjelder, men har vore det gamle namnet på Mandøla, også kalla Mandalsåi.

I Mandal bur det i dag langt under 50 fastbuande. Det er få gardsbruk i drift, og dei fleste yrkesaktive pendlar til arbeid utanfor bygdi. Skulen blei lagt ned fyrst på 60-talet, og skulehuset er no grendehus. Bygdi fekk eige kapell i 1954, og saman med grendehuset er dette samlingsstaden for bygdefolket i ulike samanhengar.

Last Updated ( Thursday, 01 March 2007 )