|
Written by Administrator
|
|
Thursday, 01 March 2007 |
 Innover dalen, sett frå europavegen. Svartdal er ei grend mellom Flatdal og Hjartdal.Bygda strekkjer seg frå Køsi og Blengsdalen i sud til Nørsteteig i nord, ei lengde på over seks kilometer. I Svartdal bur det rundt åtti personar, og mange av desse er barnefamiliar. Fleire av gardane husar sauedrift, og her er òg to gardar med mjølkedrift. Landbruket ber mykje preg av tradisjonell drift, fordi dei mange bratte jorda gjer det vanskeleg å bruke nye og tunge maskiner. Dette er med på å gjere landskapet unikt, og det er difor starta eit prosjekt for å bevare kulturlandskapet i bygda. |  Lenger inne i dalen. Skulen i Svartdal blei lagt ned i (????), og ungane reiser no mellom fire kilometer og ei mil til barneskulen i Flatdal. Skulehuset er ikkje i bruk, men stend slik den gjorde då det var drift, med gamle pultar og inventar.Dalen hadde au eige postkontor fram til nyttårseftan 1978. Posthuset frå 1937 var ikkje større enn 16 kvadratmeter, og står i dag på Norsk Folkemuseum (informasjon og bilde under "Friluftsmuseet" - "Kart over Friluftsmuseet", punkt 6). Elles i grenda er det både bedehus og kapell, og i gamle tider husa Svartdal landets kanskje einaste gullgruve. Her er det òg hoppbakke og oppkøyrte turløyper innover heiane om vinteren. |
|
|
Last Updated ( Thursday, 01 March 2007 )
|