|
Written by Administrator
|
|
Thursday, 01 March 2007 |
 Slåttonn på Øyan. Flatdal har gode vilkår for jordbruk, delvis frå naturen si side, men også ved iherdig arbeid frå bøndene.Den store, flate dalbotnen er spesiell, nesten 3000 mål i ei flate. Den er no fint oppdyrka og drenert, men namnet bygdefolk har på området, "Øyan", fortel om tidlegare tiders høge vasstand, oversvømmelsar og vanskelege dyrkingsforhold. I tre omgangar blei utløpet av Flatsjå senka. Fyrste gong i 1870-71, så i 1900-04 og sist i 1937-42. Det blei òg bygd ei forbygning mot elva, "å-muren", samt eit nett av grøfter som tømer seg i store vreiter. Dette har minska problemet med for mykje vatn. |  Kyr på beite ved Fellesfjoset. I 1969-70 blei Sundsbarmvatnet regulert, og sidan då har turke vore like stort problem som flaum. Men i 1996 la bøndene opp til felles vatningsanlegg.På slettene blir det dyrka mest gras til kjøt- og mjølkeproduksjon, men også korn. Flatdal produserar 40% av mjølka i kommunen. I andre delar av bygda er det også husdyrhald som er vanleg; mange har sau som utnyttar fjellbeita. |
|
|
Last Updated ( Thursday, 01 March 2007 )
|